Skip to main content

Om oss

Med majestetisk natur, frodige fossefall, mektige fjell og ein klar, djup fjord har Geiranger sikra seg ein plass på UNESCOs verdsarvliste.

Geiranger Fjordservice AS er eit aksjeselskap med lokale eigarar og kontor i Geiranger. Gjennom tett samarbeid tek vi sikte på å gjere Geiranger til ein enda betre destinasjon. Målet er å gi kvar enkelt gjest ei god oppleving av Geiranger, blant anna ved å samarbeide om kjerneproduktet Geirangerfjord.

Geiranger Fjordservice har utleige av syklar, kajakk, og bilar og kan dessutan tilby transport, guiding og ulike opplevingar og aktivitetar.
Som lokal aktør ønskjer vi å gi nettopp deg ei unik oppleving av staden.

 

 

 

Søk reise