Om opplevinga:
Likar du fossar, elver, spektakulære utsiktspunkt og lokale forteljingar? Då bør du bli med våre fjordrangerar på turen i Fossevandringa.
Her kjem du tett på den ville, vakre elva. Du får høyre historiene om korleis vasskreftene har forma verdsarvlandskapet gjennom tusenvis av år. Kanskje får du òg oppleve planter, dyr eller fuglar som lever tett på elva?
Når vi utforskar dei to gamle vasskraftverka, får du eit innblikk i korleis pionerane i bygda tidleg såg moglegheitene i vasskreftene. Dèt er eit mindre kjent eventyr i forteljinga om Geiranger.
Fossevandringa går frå Geiranger sentrum, langs Geirangerelva til Norsk Fjordsenter.
Storfossen er den største attraksjonen undervegs. Elva endrar seg for kvar sesong, og gir difor ulike opplevingar. Om våren smeltar snøen, og det vert mykje vatn i elvane. Du kan høyre korleis steinane vert rulla og flytta når elva går stri og vill. Det er enorme og farlege krefter som vi må ha stor respekt for: hald avstand! Om vinteren er alt frose, og i blåtimen kjennest det nesten trolsk å gå denne vandringa. Fossevandringa har 326 trinn og er ca. 0,9 km lang. Det er gjerde langs store delar av vandringa.
Praktisk informasjon:
- Avgang/Tidspunkt: Kl. 12:00 dagleg heile året
- Språk: Norsk / engelsk
- Alder: 13+
Priser:
Voksne 16+ år NOK 600
Barn (5-15 år) NOK 300
Pensjonist/Student NOK 510
Familiebillett NOK 900
Inkluderer:
Formidlingsprogram leia av ein fjordranger opp langs Fossevandringa. Inngang Besøkssenter verdsarv/Norsk Fjordsenter. Boka om Gaute Gneis (kun for barn). Gratis wifi.
Varighet/tidsperiode:
Min. 1 time og 20 minutt fottur (pluss tid i utstillingane). Kvar dag heile året.
Oppmøtested: Turistinformasjonen i sentrum av Geiranger.
Oppmøtetidspunkt: 15 minutt før avgang/turen startar.
Nødvendig utstyr: Kle deg etter vêret. Gode tursko. Ikkje behov for anna utstyr.
Tilgjengelige fasiliteter: UtstillingarKinosal med framvisningToalettKaféButikkUteareal med leikeplass, parkering, toalettanlegg
Vanskelighetsgrad: Medium. Mulighet for pakkeløsninger/gruppeløsninger: Ja, på forespurnad
Annen informasjon:
Nettsalg stenger 48 timar før.Antall deltakarar: Min. 2 stk, max 12 stk. per gruppe/ranger.Turen startar ved turistinformasjon på kaia og endar ved Norsk Fjordsenter, 85 meter over fjorden. Ved deltaking frå fleire land vert programmet gjennomført på engelsk.Programmet høver primært for vaksne og større barn. Barn under 15 år må vere i følgje med vaksne. Ved gruppebestilling har vi høve til å tilpasse programmet betre etter alder/nivå